Utskrift 

Hausten i forsamlinga vår

Vel overstått sommarferie til dykk alle.

Me er glade for å gjere oss klare til ein ny sesong saman som forsamling, sjølv om det vert ein anleis måte å starte opp på.

Det er gledeleg å kunne melde at kveldsmøtene og fellessapskveldane vil gå som normalt. Desse møtene vert i bedehuset. Også her gjeld allmenne smittevernsreglar (meir om dette under informasjon om storsamling) og registrering av frammøtte. Me oppfordrar til at dei vaksne nyttar desse møta endå meir aktivt framover då me vaksne treng å vere saman også utan barna, og få denne typen møtesamver. Slik kan og familiemøtene med god grunn kan vere mest på barna sine premisser. Første kveldsmøte blir 6.september kl 19.30 med Ole Corneliussen.  Helga 11. – 13. september gler me oss til møteserie med Marit Andersen.    Kveldsmøter 11. og 12. kl 19.30.

Styret og Storsamlingskomiteen har saman arbeidd for å få til ein trygg og kjekk oppstart av storsamlingane våre denne hausten. Me ønskjer igjen å få treffe kvarandre og å tilby forsamlinga møter der heile familien kan vere saman. Samtidig er me både ansvarlege for å gjere dette på ein god måte ift smittevernreglar, og me ønskjer minst av alt å setje nokon i fare for å bli smitta på samlingane våre. Dette fører til at me har valgt å gjere nokre tiltak som endrar måten møtene vert gjennomført på. Me innser nok at det vil bli litt ekstra krevande for enkeltfamiliane og håpar alle kan bli einige om om å gjere vårt beste for å få det til slik at me faktisk har muligheten til å samlast.

Pr i dag ser det ut til at alle storsamlingane våre vert familiemøter fram til jul. Det betyr at det ikkje er søndagsskule for dei to yngste gruppene inntil videre. Målet er at møtene skal innehalde ein bit særleg tilpassa barna. For 5.-7.klasse vil det fortsatt vere tilbod om søndagsskule. Møtene vil også bli kortere i varighet enn vanlig, av hensyn til barna.

For å ha betre plass vil alle storsamlingane vere i Storstova. Inngang for alle vil verte via hovudinngangen på skuleplassen. Utgang for alle vil verte via utgangsdør mot parkering og aktivitetsområde bak skuleplassen. Me ønskjer at forsamlinga går ut puljevis (familiar samla) for å unngå trengsel i dørene.

Ved inngang og utgang vil det vere tilgjengeleg handsprit som alle må bruke når me kjem og når me går. Kvar familie må også huske å registrere seg når ein kjem til storsamling. Dette er me pliktige til pga smittesporing dersom nokon skulle bli sjuke. Det vil stå representantar frå forsamlinga og registrere i døra.

På samlingane må me, i tråd med allmenne smittevernreglar, til ei kvar tid halde 1 meter avstand til kvarandre både inne og utanfor Storstova, og når me kjem og går. Familiane må sitje saman, og foreldre har ansvar for at eigne barn sit saman med foreldra under heile samlinga. Sjølv om me gler oss over å treffast igjen minner me om at me må unngå klemming, håndhelsing og liknande. Før og etter samlingane må me også unngå å stå igjen i grupper og prate inne i Storstova eller på skuleplassen. I år vert det ingen mat- eller drikkeservering på nokon møter. Om nokon er forkjølt eller sjuke, heldt me oss heime. Det vert lagt planar for å tilby sosialt fellesskap på andre måtar i samband med storsamlingane. Meir informasjon om dette kjem.

Nokre mellom oss vil ta på seg den lite tiltalande oppgåva å vere «smittevernsvakter» under samlingane. Me er takknemlige til dei som er villige til dette og ber om at me saman tek vare på dei og respekterer beskjeder om t.d. å halde avstand, splitte opp grupper, hente inn barna våre eller andre ting det måtte vere.

Det er svært spennande om me får dette til og om me klarer å samlast på ein måte som vert god og triveleg for oss som forsamling trass i strenge tiltak. Styret og Storsamlingskomiteen håpar det!

Me prøver å samlast med første storsamling 13.september og evaluerer fortløpande kva me skal gjere med møtene videre ut frå korleis dette fungerer for oss og retningslinjer som kjem sentralt. Det betyr at det kan komme endringar i programmet underveis. Oppdateringer vil komme på nettsida og på facebook. For deg som ikkje kan følgje med på nokon av desse: ta kontakt med Ingunn Hellem slik at me kan sende deg informasjon på annan måte.

Dersom du er i risikosona for covid-19 smitte og ønskjer særleg tilrettelegging, eller om du har andre spørsmål om smittevern kan du ta kontakt med Ingunn på dette nr: 454 51 298.

Velkommen på møte!